På Knutholmen finn du ei av dei finaste og best besøkte gjestehamnane på Vestlandet. Vi har plass til 150 båtar samstundes i 3 anlegg. På Knutholmen og på Bua har vi dusjar, vaskemaskin og tørketrommel.
I Kalvåg får du alle tenester som diesel, fri bosslevering, straum m.m. Sommar 2011 var det registrert over 3000 overnattingsdøgn i bryggene våre og særs nøgde gjester.
Velkommen til oss!
Pris
- Overnatting i gjestehamn: kr 145,- pr. døgn uansett størrelse på båt
- Straum: kr 40,- pr. døgn
- Daganløp: gratis
Askvoll sentrumshamn er ei triveleg hamn med 50 gjesteplassar. Prisane er kr. 100,- pr døgn. Dieselpumpe i hamna.
Rett ovanfor brygga ligg eit nytt sanitæranlegg med dusj/vaskemaskin/tørketrommel. Pub og restaurant ligg i same huset.
I gåavstand frå brygga ligg ei fin badestrand. Ellers er det kort veg til butikkane i sentrum.
Opningstider 2013
17. Mai og Pinsehelga.
Kvar helg fra 7. Juni
Hver dag fra 21. Juni til 11. August.
Siste helg blir 16. til 18. August.