Slippen

Slippen består av vinsj og tralle på skinner. Eit tilhøyrande vinsjhus gir god oversikt og styring ved opptak og sjøsetting. Bredda på betongplattingen er såpass stor at ein og kan ta opp og sjøsette båtar av mindre storleik på hengar med bil eller traktor. Det er mogeleg å slippe båtar opptil circa 1,5 meter djuptgåande (sjølvsagt avhengig av tidevatnet). 

Prisen er kr 250,- pr døgn for medlemmar og kr 500,- pr døgn for dei som ikkje er medlemmar av småbåtlaget. Styret har bestemt at medlemmar som har hatt båt ståande på slipp utover 3 døgn samanhengande på grunn av dårleg vær, ikkje skal betale meir enn kr 500,- Det skal då skrivast i slippboka at været var grunnen til forlenga slipping.

Slipping skal avtalast med Havnesjefen i forkant. Lars Johan Sivertsen tlf 940 36 431

Båtopptak med traktor

Båtutsett inne i moloen

I tillegg til hovudslippen, er det også laga ein slipp for dei som kjem med båt på eiga vogn.

Del denne siden