For Sandane Småbåtlag si hamn på Øyrane
Vedtekne på Sandane Småbåtlag sitt årsmøte 20. mars 2007. Oppdatert etter årsmøtevedtak 2018. Endringane er merka med kursiv

1. Berre medlemmer i Sandane Småbåtlag ( SSL ) har høve til å eige plassar i hamna. Nye plassar vert tildelt etter søknad til styret, og ansiennitetsprinsippet gjeld.

2. Dersom nokon leiger/låner ut plassen sin, er dei ansvarlege for at leigetakar følgjer reglementet i hamna. Leigetakar som ligg utover 14 dagar skal vere medlem i laget.

3. Heile anlegget, inklusive den nye brygga, er å sjå som ei eining. Hamnesjefen, saman med styret, tildeler båtplass, og storleiken på båten avgjer kvar i hamna ein får plass. Plasseringa kan endrast dersom praktiske grunner tilseier dette, td i samband med vinteropplag.

4. Ved endring av tildelte mål på båtplass skal det søkast til styret. Kostnader som følgjer av auka breidde og/eller lenger utriggar/fortøyingsbom, blir fakturert medlemmet etter dei satsane som gjeld på det aktuelle tidspunktet. Kasserar oppdaterer medlemmet si kontrakt for kjøp av båtplass.

5. Hamnesjefen eller den han har delegert oppgåva til, tildeler plass til lagring av båt på land. Opplagsplass skal vere rydda, og søppel og anna avfall frå båtpussen skal  fjernast og eventuelt leggast i container. Krybber og anna materiell skal vere fjerna frå området båtlaget disponerer straks båten er sjøsett. Utstyr som står tilbake etter denne tid, kan fjernast for båteigar si rekning. Båteigar som lagrar båt på areal som er disponert av båtlaget skal være medlem. Langtidslagring på land skal godkjennast av styret for maksimalt 1 år av gangen.

6. Båten skal vere fortøydd med to fortøyingar framme og to bak. Det skal vere montert demparar på fortøyingane, og fortøyingane skal vere dimensjonert etter båten sin storleik.

For båtar som skal ligge i havna om vinteren i tdsrommet 1.november til 1.april, må lengda på desse ikkje overstige lengda på utriggaren med meir enn 20%, slik det ver tilrådd av leverandørane av utriggarane.

Båtan skal ha forsvarleg vinterfortøygning, som er dimensjonert for dei ekstra påkjenningane som kan opppstå. Ved dårleg vermelding skal det nyttast ekstra forøyning til land for å unngå skade på bryggematriellet.

7. Alle pliktar å halde orden på eigen båtplass. Defektar skal meldast til bryggesjef.

8. Båteigar/båtplasseigar skal syte for snømoking og reinhald, og er elles ansvarleg for det flytande anlegget.  

9. Båten skal vere forskriftsmessig registrert og forsikra av eigaren. SSL er ikkje ansvarleg overfor båteigarane for tjuveri, brann eller andre skadar som måtte oppstå medan båten ligg i hamna.

10. Sløying/reinsing av fisk skal ikkje gjerast i hamneområdet.

11. Portane skal låsast når ein forlet bryggene.

12. Bilar skal ikkje parkerast på moloen. Unnatak er av- og pålessing.

13. Straum og vatn i hamna er eit fellesgode. Unngå å blokkere dette i lengre tid slik at det hindrar andre.

14. Alle er ansvarlege for at parkeringsplass, molo, brygger og hamna elles er ryddig og ser ordentleg ut. Boss skal takast med heim eller leggast i bosskorgene som er plassert ut, eller leggast i container.

15. Feil, manglar eller spesielle ønskje skal meldast til hamnesjefen.

16. Bryggesjefane kallar inn til dugnad og kvitterer timar og avklarar kvar haust med kasserar. Dei som då manglar timar, ma betale for for lite arbeidd dugnad etter vedteken sats. Den som ikkje kan, eller ikkje har muligheit til å arbeide dugnad skal betale inn kr 1000.- for å kjøpe seg dugnadsfritak. Ein blir då ikkje kalla inn til dugnad. Beløpet kan ikkje delast. Det vil seie; Anten jobbar medlemmet fem timar dugnad pr år, eller så må han kjøpe seg fri frå dette.

 

Del denne siden