Vedtekter

 

Vedtektene for Sandane Småbåtlag

Merknad: § 9 og 15 blei endra av ekstraordinært årsmøte 2024

§ 1 

Laget sitt namn skal vere Sandane Småbåtlag med initialane SSL.

§ 2 
Laget sitt formål er å samle båtinteresserte i arbeidet med å
- nytte sjøen betre som fritidstilbod
- skape og halde ved like eit godt båtmiljø i trygge og trivelege båtanlegg
- sikre friareal og god utnytting av desse
- hindre forureining av sjø og strender
- spreie kunnskap om sjøvett, båtar og båtutstyr
- samarbeide lokalt og regionalt med andre lag om felles oppgåver innanfor ramma og formålet

§ 3 
Alle som arbeider for SSL sitt formål kan bli medlem. Medlemskapet følgjer kalenderåret. Utmelding må vere skriftleg og vere styret i hende innan utgangen av året. Utmelding skjer også automatisk dersom ikkje medlemmet betaler medlemskontingenten etter 1. purring. Medlemskapet forpliktar også til deltaking i førefallende arbeid i hamna og/eller verv i styret.

§ 4
Innan SSL kan det stiftast dellag etter vedtak av årsmøte. Desse laga blir økonomisk ansvarlege for disposisjonane sine. Utgiftene kan ikkje påførast Sandane Småbåtlag. Det skal førast eigne rekneskap for slike dellag. Rekneskap og budsjett skal godkjennast av styret i SSL og leggast fram for årsmøtet.

§ 5
Styret kan ekskludere medlem som arbeider til skade for laget. Medlem skal først motta varsel. Eksklusjon kan klagast til årsmøtet.

§ 6
Årsavgift skal vere innbetalt innan 1. juni.

§ 7
Medlemmer med meir enn 10 års ansiennitet, og som har fylt 70 år, kan etter søknad sleppe å betale årspengar og likevel ha fulle medlemsrettar.

§ 8
Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Medlemmene skal kallast inn ved utlysning i lokalpressa eller skriftleg til kvar enkelt, minst ein månad i førevegen. Sakene skal nemnast i innkallinga. Andre saker som medlemmene ønskjer å få handsama på årsmøtet, skal vere styret i hende seinast 14 - fjorten - dagar etter utlysinga. Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal, elles vanleg fleirtal.

§ 9
Årsmøtet skal handsame:
- Årsmelding
- Revidert rekneskap
- Budsjett
- Årskontingent
- Hamneavgift

- Sats for verdsetting av båtplass

- Innkomne forslag


Val av styre: I styret sit 5 personar + 2 varamenn. Samtlege blir valde for 2 år. Årsmøtet vel formann, sekretær, kasserer, hamnesjef, styremedlem og varamenn.
Dersom SSL har dellag, skal formennene i desse sitje som medlemmer i styret.
Vala blir gjort slik at minst to medlemmer blir sitjande igjen i styret. Årsmøtet vel også revisor og valnemnd på 2 personar. Desse har ei funksjonstid på 1 år. Medlemmer av styret, revisor og valnemnd kan ikkje veljast utan å ha vore spurde på førehand og gjeve samtykke.


§ 10
SSL skal blir leia administrativt av styret. Styret kan velje bryggeformenn, 1 for kvar brygge. Dei valde bryggeformennene vil ved valet få utlevert ein stillingsinstruks som dei pliktar å følgje.

§11
Styret held møte så ofte det finn det nødvendig, og er vedtaksført når formannen og 2 styremedlemmer etter vanleg innkalling er til stades. Styret skal leggje fram årsmelding og revidert rekneskap, avslutta pr.31/12, for årsmøtet. Styret har høve til å oppnemne utval til hjelp i arbeidet sitt.

§12
Ved oppløysning av laget skal mogelege midlar setjast av til eit fond disponibelt for eit liknande lag som måtte bli starta seinare.

§13
Medlemmer som melder seg ut eller av andre årsaker mistar medlemskap, mistar samtidig alle opparbeidde rettar (ansiennitet) til hamne -, brygge -, opplags - plass og andre gode laget tilbyr. Ved seinare innmelding i laget, må desse rettane opparbeidast på nytt frå grunnen av.

§ 14
Overdraging. Med overdraging meiner ein at ein båtplass eller eit medlemskap blir overført til ein annan person vederlagsfritt. Alle opparbeidde rettar og tilhøyrande plikter går over til nytt medlem. Den som overdrar plassen sin, mistar såleis dei opparbeidde rettane sine.
Eit medlem som ønskjer å overdra båtplassen sin, kan gjere dette dersom plassen blir overdratt til foreldre, ektefelle, sambuar, barn, svigerborn eller barnebarn.
Overdraging til andre kan skje dersom det ligg spesielle forhold til grunn for dette.  
Alle former for overdraging skal først leggast skriftleg fram for styret til godkjenning.
Styret gjev så skriftleg melding om overdraginga er godkjent eller avslått.

§ 15 
Dersom eit medlem ønskjer å selje båtplassen sin i hamna, skal seljar gjeve styret skriftleg melding om dette. SSL har forkjøpsrett og kjøper plassen etter gjeldande sats for båtplass.

SSL sel plassen vidare til same pris og seljar får utbetalt sitt tilgodehavande når plassen er vidareseld. Gjeldande sats for båtplass vert årleg justert og vedteke av årsmøtet.

§ 16

Båteigarar som lagrar båtar på areal som småbåtlaget disponerer, skal være medlem av laget. 

Langtidslagring av båtar på same areal skal godkjennast av styret for maksimalt eit år av gongen.

 

Vedtektene er godkjent i ekstraordrinært årsmøte den 21.05.2024

 

Del denne siden