Fellestur 05. Oktober 2012

Fredag ettermiddag reiste vi tre båtar frå sandane.

 Vi gjekk til Rugsund og overnatta der til laurdag. Der traff vi en familie frå Måløy som vi fekk med oss vidare på turen. Da det var stengt i Rugsund og regnet hølja ned, bestemte vi oss for å reise til Kalvåg. Når vi kom ut der stilte lokalbefolkninga opp med nyfanga krabbe. Kokinga tok Olav Frøyen seg av. Vi fekk til og med litt sol under herremåltidet.

 Ungane var ivrige på fisking og drog opp uante mengder med pale 🙂 

Det vart ein kjekk og sosial tur både for store og små. Været kunne vore betre, men med gode kle, varme båtar og Knutholmen oppå kaia gjorde det ingenting.

Søndag gjekk turen heim i kuling fra nordvest. Litt sjøsprut vart det, men ein heilt grei tur uten dramatikk 🙂 I alle fall so vidt undertegna veit.

Takk til alle for en kjekk tur!!

Jan Asle

Del denne siden