23.04.2024 / Lars Johan Sivertsen
Det vert ekstraodrinært årsmøte i Sandane småbåtlag tysdag den 21.Mai 2024 kl.1900, i lokala til Sogn og Fjordane Energi (Sørstrandsvegen 227)
-styret-
Trykk på teksten under for laste ned filer:
04.03.2024 / Lars Johan Sivertsen
Det vert årsmøte i Sandane småbåtlag tysdag 19.mars 2024 kl. 1900, på bygget til Linja ved Ingolfbakken (Øvre Sørstranda 16) Vanlege årsmøtesaker.
Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 5.mars
-styret-
31.01.2023 / Lars Johan Sivertsen
Det vert årsmøte i Sandane småbåtlag tysdag 28.februar 2023 kl. 1900, på bygget til Linja ved Ingolfbakken (Øvre Sørstranda 16) Vanlege årsmøtesaker.
Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 20.februar
-styret-
Publisert 22.03.2022 / Bjørn Inge Solheim
Ernfred er no den nye leiaren i Sandane småbåtlag. Nye i styret er også Per Inge Hole og Frode Denk. Full oversikt over styreverva finn du her.
Det betyr at Bjørn Inge Solheim, Ola Bolstad og Jan Nik. Hansen takka for seg etter fire år i styret
Som vanleg kunne vi ynskjer oss betre oppmøte på årsmøte som blei avhelde måndag 7.mars på SFE.
Elles bør ein merke seg at Årsmøtet vedtok å auke medlemsavfifta frå 750,- til 1000,- /år. Hamneavgifta blei auka for nokre år sidan, medan medlemsavgifta har stått i ro i svært mange år.
Referat frå årsmøtet finn du her
03.02.2022 / Bjørn Inge Solheim
Det blir årsmøte i Sandane småbåtlag måndag 7.mars 2022 kl. 1900 på SFE. Vanlege årsmøtesaker.
Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 14.feb.
-styret-
28.08.2021. Av Bjørn Inge Solheim
Det er tid for båtopptak, og i samband med det oppmodar styret alle båtplasseigarar å ta ansvar for å rydde opp etter seg. Det står både defekte båtkrybber, restar av båtkrybber, båthengarar, ulike materialar og anna som må vekk. Nokre har munlege avtalar med styret, andre tng anar vi ikkje kven som som eig. For alt vi veit kan det vere eigarar som ikkje er medlemer ein gong.
Til våren blir det sett ein dato for kor tid alt dette skal vere borte. Det som då står att, blir kasta. Ta kontakt med hamnesjef Lars Johan Sivertsen (940 36 431) dersom du har gode argument for at dine ting må få stå.
31.03.2021 Bjørn Inge Solheim
13 medlemer møtte til årsmøtet på Gloppen Ungdomsskule 8.mars 2021.
I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, drøfta vi eit innspel om å nytte delar av landområdet i hamna til bubilkamp. Styret ser nærmare på mulegheita.
Val av hamnesjef blei heller ikkje landa på årsmøtet. Årsmøtet gav styret fullmakt til å finne ein kandidat i lag med avgåande og påtroppande valnemnd. Dette har no løyst seg og og Lars Johan Sivertsen er ny hamnesjef. Styret takkar avtroppande hamnesjef Anders Gloppestad for god innsats dei siste åra.
Referat frå årsmøte finn du her
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
09.02.2021 / Bjørn Inge Solheim
Det blir årsmøte i Sandane småbåtlag måndag 8.mars 2021 kl. 1900 i GU-salen på Gloppen Ungdomsskule.
Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 22.feb.
-styret-
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
09.02.2021 Bjørn Inge Solheim
Vi viser til info om prosedyrar angåande sal av båtplass som har lege på heimesida sidan 7.april 2020. Dette ordninga var midlertidig, og vi går no tilbake til opprinnleg ordning der alt sal av båtplass skjer gjennom båtlaget.
Det betyr at båtlaget har forkjøpsrett til båtplassen i dei seks første månadane etter at salet er gjort kjend. Etter 6 månader kan plasseigaren selje fritt.
Viser til §15 i vedtektene
____________________________________________________________________________________
07.09.2020 / Bjørn Inge Solheim
Det blir båtopptak med heisekran i hamna medio oktober. Dato kjem seinare.
Pris 1000 - 1500,- pr.båt. Avhengig av antal som blir med.
Kontakt Sjur Gimmestad
41412521 / sjur@enivest.no
10.03.2020 av Bjørn Inge Solheim
12 medlemer møtte på årsmøte 2.mars 2020. Både årsmelding, rekneskap og budsjett blei samrøystes vedteke. Det sitjande styret held fram, men Vidar Solheim kom inn som varamedlem, og Frode Denk blei valt inn i valnemnda.
Du finn referatet under "Nyheiter"
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Årsmøte
Sandane småbåtlag
Frydenbø Bilsenter
Måndag 2.mars kl. 1900
Vanlege årsmøtesaker.
Saker frå medlemer må vere styret i hende seinast 17.februar
-styret-
Referat Årsmøte 2019 finn du her