Årsmøte 2021

03.02.2022 / Bjørn Inge Solheim

Det blir årsmøte i Sandane småbåtlag måndag 7.mars 2022 kl. 1900 på SFE. Vanlege årsmøtesaker.

Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 14.feb.

-styret-

Årsmøte 2020

09.02.2021 / Bjørn Inge Solheim

Det blir årsmøte i Sandane småbåtlag måndag 8.mars kl. 1900 i GU-salen på Gloppen Ungdomsskule.

Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 22.feb.

-styret-

Båtopptak - kran - hausten 2020

07.09.2020 / Bjørn Inge Solheim

Det blir båtopptak med heisekran i hamna medio oktober. Dato kjem seinare.

Pris 1000 - 1500,- pr.båt. Avhengig av antal som blir med.

Kontakt Sjur Gimmestad

41412521 / sjur@enivest.no


 

Selje båtplassen din?

Av: Bjørn Inge Solheim, 7.april 2020

OBS. Endra. Sjå sak på framsida 09.02.2021

No kan du selje båtplassen din sjølv. Utan å gå om småbåtlaget.

Vedtektene sler fast at når eit medlem skal selje båtplassen sin, har småbåtlaget forkjøpsrett dei første 6 månadane. Når båtlaget har funne ein kjøpar til plassen, betalar båtlaget ut plassen til kostpris + auke i konsumprisindeksen. Ordninga blei innført i ein periode der etterspurnaden etter båtplass var større enn tilbodet. No er det omvendt. Pr. 7.april 2020 har vi 6-7 medlemer som ynskjer å selje båtplassen sin, utan at vi har kjøparar.

Difor vedtok styret på sist styremøte at vi midlertidig løyser opp regelen om båtlaget sin forkjøpsrett. Det betyr at om du ynskjer å selje båtplassen din, står du fritt til å selje båtplassen din til den du vil – til den prisen du får. Det einaste båtlaget krev er at styret får ei skriftleg melding om at plassen er til sals, og ei melding når båtplassen er seld – med namn på den nye eigaren.

Kva er rett pris?

Når båtlaget har kjøpt ut plass får ein medlem, har vi tatt utgangspunkt i prisen medlemen i si tid kjøpte plassen for. Deretter har vi lagt til auken i konsumprisindeksen frå kjøpstidspunkt til salstidspunkt. Vi har brukt denne kalkulatoren. Ein båtplass som f.eks var kjøpt i år 2000 for kr. 50 000,-, og skal seljast no, har i følgje konsumprisindeksen hatt ein auke på ca 48%. Det betyr at prisen er «verdt» ca 74 000,-. Kva salspris som er faktisk er muleg oppnå ved sal, er det marknaden som bestemmer. Slik etterspurnaden og marknaden for båtplassar i Gloppen ser ut no, kan det tyde på at det kan vere vanskeleg å få selt plassen. Det kjem også an på storleik og plassering på plassen.

Aktuelle plassar å annonsere kan vere Firda Tidend, Finn.no eller «kjøp og sal Gloppen» på Facebook.

Lukke til med salet

 

Roleg Årsmøte

10.03.2020 av Bjørn Inge Solheim

12 medlemer møtte på årsmøte 2.mars 2020. Både årsmelding, rekneskap og budsjett blei samrøystes vedteke. Det sitjande styret held fram, men Vidar Solheim kom inn som varamedlem, og Frode Denk blei valt inn i valnemnda.

 

Innkalling til årsmøte 2020

Årsmøte

Sandane småbåtlag
Frydenbø Bilsenter
Måndag 2.mars kl. 1900
 
Vanlege årsmøtesaker.
Saker frå medlemer må vere styret i hende seinast 17.februar
 
-styret-

Vond lukt i båten ?

Best Byrkjelo tilbyr no utleige av ozon-generator som etter reklamen skal fjerne vond lukt. Den kostar 390,-/døgn. 600,-/helg

Sjekk http://ozonutleie.no/ for meir info

 Lagt inn av: Bjørn Inge Solheim, 30.08.2018